Foto- og publiseringssamtykke


Radøy Symjeklubb ønskjer å dele bilete og video frå trening, stemne og klubbaktivitetar for å vise symjeglede, meistring, fellesskap og aktivitet i klubben.

For å kunne bruke bilete og video av medlemmar treng klubben samtykke frå utøvar eller føresette, i tråd med tilrådingane frå Norges idrettsforbundog Datatilsynet.


Kva kan bileta brukast til?

Bileta kan bli brukte i:

  • Spond
  • Klubben si nettside
  • Klubben sine sosiale medium (til dømes Facebook og Instagram)
  • Informasjon og marknadsføring av klubben sine aktivitetar
  • Lokalaviser og annan omtale av klubben


Korleis brukar vi bilete?

Radøy Symjeklubb skal alltid bruke bilete på ein trygg og respektfull måte:

  • Vi publiserer aldri bilete frå garderobar eller andre private situasjonar
  • Vi unngår krenkjande eller uheldige bilete
  • Vi tek omsyn til personvernet til barn og unge
  • Vi brukar primært aktivitetsbilete frå trening og arrangement
  • Vi er ekstra varsame med nærbilete av enkeltbarn
  • Vi brukar normalt ikkje fullt namn saman med bilete av barn. Fullt namn blir berre brukt etter særskild avtale med utøvar eller føresette


Viktig om samtykke

  • Samtykke er frivillig og kan trekkjast tilbake når som helst
  • Barnet sine eigne ønskje skal alltid respekterast
  • For medlemmar under 15 år skal føresette gi samtykke
  • Ved tilbaketrekking vil klubben fjerne aktuelle bilete så langt det er praktisk mogleg